Hovudoppgåvene denne gangen skulle løysast i studio med ein eller fleire blitsar, og vi hadde ei veke på oss. Alle bileta skulle vere av forskjellige modellar, slik at vi fekk øvelse med å ha mange forskjellige personlegheiter. Og difor vart det mange spanande bilete også :)
Innlevering på tirsdag:
Nils: Male med lys
Meg: Uhygge-skrekk
Stian: Lys og skugge
Nils og Stian er innleigde modellar :) TakkeTakk
Dagens innlevering:

Jeanett: High Key
High key er eit bilete der dei fleste tonane er over 18% grå. Er som regel mjuke tonar og eg ville spele på dette ved å gjere motivet mitt mjukt og harmlaust, søtt og romantisk. Glansbilde-Jeanett.
Karoline: Low Key
(dette biletet var vanskeleg å scanne, ser difor ikkje ut som orginalen)
Low key er då det motsatte av high key: mørkare enn 18% grå, utan at det skal bli svart nokon stadar. Hah! Det var vanskeleg å unngå heilt svarte områder. Karoline fekk eit stikkord: presidentfrue. Desse fruene skal liksom vere gode husmødre og underdannige damer, men eg får aldri det inntrykket... presidentfruer skremmer vettet av meg med falskheit. men, Karoline ser faktisk ut som ei mektig kvinne, ei med litt meir i knotten.
Fekk god kritikk, men eg veit ikkje om eg skal ta "lærebokeksempel" som eit komplemang eller... lærebokeksempel er i mine auger nesten alltid kjedelege. men hyggeleg at rektor med ein gong såg alt eg hadde tenkt på, både med linjer, toner og tema. Har begynt å like rektor ;)
Feiring av ferdige bilete: MUFFINS OG KAKAO!!

I går fekk vi veeeeldig lyst på noko søtt. Så, eg laga muffins, og Jeanett laga kakao med krem og raspa sjokolade på toppen. Kremen på toppen av muffisane er ei oppskrift frå mora til Jeanett, og den er HIMMELSK god!
No er det HELG!!!!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar