Lenge sidan sist, men eg har vore litt opptatt med fotografering faktisk. Og denne gangen har det ikkje berre vore gøy. Mørkeromsarbeid kan vere gøy, om alt fungerar. Men når 4 står på lista og berre 2-3 av mørkeromsaparata fungerar og stopp-kjemien er bytta ut med vatn er det ikkje lenger så morosamt å vere under tidspress. Heldigvis hadde eg fiksa meg ekstra tid. Phu! Men hjelp det når det forbanna mellomformatkameraet slepp inn lys på filmen? Nei! Det hjalp heller ikkje at sola under fotograferinga varierte per sekund så lysmålinga ikkje alltid var beregneleg. Må også nemne at eg heile tida måtte legge av tid til å lese til teoriprøva. Takkar både modellen Nils og assistenten Håkon for hjelpa, eg fekk nokre bilete som var bra til slutt :)
Scanna frå negativane og puffa litt opp ved hjelp av curves i photoshop
Scanna og puffa. Fantastisk å arbeide med grayscale i curves, mykje enklare enn om det vart s/h og i RGB modus
Og så dei endelege bileta:
Heilfigur og halvfigur. Skuleplassen til kunst- og kulturskulen er fantastisk med bakgrunnar. Eg brukte ikkje ein brøkdel av moglegheitene, men det skal eg gjere noko med seinare :D
Jaja, så blir det ut i morgon :)

2 kommentarer:
kor fine bilde!
Seriøst bra bilde Lovise :D i digga lensflare :) hehe
Legg inn en kommentar