onsdag 29. oktober 2008

Ixus oktober

Snart er heile oktober månad bortevekk, så eg tenkte eg skulle legge ut litt ixus bilete frå denne månaden. Ikkje dei mest spesielle bileta, men berre litt "lizzom" ;)

Ikkje kronologisk rekkefølge:



Første kurs med GT, naturleg lys. Linn Heidi som modell og alle andre med reflektor eller vurderande blikk ;)



Pokerkveld og evaluering av siste bileta i lys-kurset. Anette vann heile shiten ;)



Willy kom med ostekake. Dette førte sjølvsagt til at den forsvann og eg berre MÅTTE lage ei til. Gjekk ikkje så særleg bra, litt guffen i midten, merkeleg smak, men det ytterste var godt. NAMM!



Mamma var også på besøk. Her har vi vore i camera obscura, og ho snakkar med min vesle bror som er vaskeekte sjømann!



Eg var også ute på byen to-tre gongar. Stikkord: "berre ei flaske vin"



Meg med den beste lua nokon sinne!
Meg med djuptrensande ansiktsmaske (aldri igjen)
Meg med pinsetten gjennom øyreflippen (hobbyproblem)

Snart ventar november. Lurer på kva eg får oppleve då.

Ingen kommentarer: