I dag har vi lært om handheldt blits. Passar bra at eg endeleg får lært litt meir om det sidan eg har hatt blits i snart eit år. Har ikkje vore så flink til å bruke den, men eg har ikkje vore heilt komfortabel med bruken. Bli alltid litt feil, litt kjedeleg. Blæh!
Så i dag før undervisninga starta tok omtrent alle fram blitsane sine og begynte å knipse. Lyn uten torden.
Anette og Unn Marit øverst. Marius prøver å gøyme seg bak kamera underst.
Oppåva var slik: vi blei delt opp i 7 grupper, kvar gruppe fekk kvar si dødssynd. Vår synd var "vrede". Gruppa var: meg, Ane Marte, Dani, Lars og Borg. Eg var den med best utstyr, og einaste med canon, så det blei berre ein blits på oss.
Ane Marte ofra ansiktet sitt for ein del av mine feilslåtte forsøk på å fikse lang lukkertid og blits. Arild (lærar) beundra softboxa mi.
Så var det ut med ein liter tennvæske, ein rull med dopapir og mange fantasifulle påfunn. Vi fann oss ein litt avsidesliggande plass og helte tennvæske i ein sirkel og forsøkte å tenne på. På film ser ein alltid at det tek fyr med ein gong, det skjedde ikkje med oss. Vi måtte ofre dopapiret for å få fyr og flamme.
Fyr og flamme og tennvæske og Lars som passar på sigarettane.
Å ta bilete av Dani inne i sirkelen vart litt for rissikabelt, så det blei til at vi laga ei stripe mellom han og kameraet.

Brennande sirkel og Dani med dasspapir
Kva var tanken bak dette?
Tanken var å vise vreden folket har mot den økonomiske krisa. Det er vel noko av det mest diskuterte for tida, og ikkje alle er like blide på pengane sine som berre forsvinn. Det blei nemnt Island, og eg lurer på om det hadde vorte beire med islandske pengar i staden.

I morgon er det halloween og eg veit ikkje kva eg skal kle meg ut som. Det er ALLTID sexy vampyr med pålimte hoggtenner og blodige lepper. I år vil eg helst ha med blod og slikt, men eg trur eg skal anten vere zombie eller kanibal.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar