fredag 12. desember 2008

Siste dag på skulen!! JUL!!

I dag var dagen, SISTE dagen før jul. Eg kjenner at skuldrane senker seg og pulsen roar seg ned. AH! 2. klassa viste fram sine bilete til oss og kunden, dei stemte og vi stemte, totalt forskjellige resultat.
Lunsjen var herlig, med masse god mat og snacks og julegåve frå rektor Roar; "Bløffmakerens håndbok i fotografering". Den skal eg lese, så blir eg god ;)

Har gått ganske bra med bileta mine i det siste, likar faktisk produktfotografering, det hadde eg aldri trudd. Det enkle er ofte det beste.

Mitt bidrag til avsluttande oppgåve innanfor produktfotografering:

Er ikkje berre og berre å få tak i pillar og tablettar. Det blei ein del smertestillande eg måtte poppe ut av embalasjen. Og apotekfolka syntes nok eg var litt morsom då eg kom og spurde etter fargerike pillar eller kapslar. Og Ibux finst fantastisk nok i ein fargerik versjon ^^,

Eksamensoppgåva skulle OSE AV SENSUALITET. Jah... oooose skulle den.
Eg må nok takke Håkon for både lån av modell og aftershave. Tom var fantastisk, takkskalduha! Det enkle er ofte det beste, både når det gjeld lyssetting og komposisjon. Prøvde meg først på ein del "kompliserte" oppsett, men gav opp og tok det så rått som eg kunne. Litt tøff må ein få lov til å vere.


Fekk god respons, og endte opp på delt andreplass i avstemminga (kor mange som delte den andreplassen skal eg ikkje avsløre).

Andre forslag:








Innhaldet i flaska er forresten Urge blanda med ein skvett pepsi, så er fargane naturlegvis endra litt i photoshop. Ville ha anten grøn eller blå farge, det blei gulgrøn






I kveld skal eg på kino, kansje ein liten fest etterpå, men vi får sjå.
Så skal eg HEIM!!!!!

2 kommentarer:

Anonym sa...

HEHE, JA DITTA OOOSA...Velkoma heim til jul, vi gled oss slik atte

Anonym sa...

Heia, du e flinke Lovise. Fine bilde, vi gler oss til du kjem heim att til jul.