Av og til blir ein berre ganske imponert. Ein del ting imponerte meg i går, som "svigers", katten deira, kor lenge eg kan gå utan mat, og så blei eg til slutt imponert over naturen. Sjå for deg ein skrekkfilm, ein gjeng med unge folk går på ekspedisjon under jorda og anar fred og ingen fare då dei pluttseleg får auge på noko glitrande på bakken; det er ein gigantisk knust isjokkel! Instinktivt vender alle lommelyktene opp i taket i grotta og den er tjokkfull av isjoklar som berre ventar på å dette ned på ein stakkar fant! Rundt om dei dett ein isjokkel eller to ned med jevne mellomrom. KVA SKAL DEI GJERE!
Akkurat slik opplevde eg det i går, men det gjekk fort over då eg fann ut at det var berre framfor oss vi såg isjoklar, og utgangen var heilt fri. Vi gjekk ikkje mykje lenger innover heller, vi bestemte oss for å utnytte isen, og kle av meg. Ikkje heilt avkledd, i sommarkjole og pensko sto eg der og hutra... HUTRA! Til alle modellar eg har teke vinterbilete av: no forstår eg verkeleg lidelsen! Nesten.
Dagens andre overraskelse var då vi fann ut at det beste biletet var frå då vi testa ut blisen. Eg forelska meg i biletet med ein gang og fekk overtalt Håkon til å levere det inn. Sucsess! Eg er fortsatt overraska og stolt over at det eg meg på biletet. DIGGDIGGDIGGDIGG!
Eg vil tilbake...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar