...og gøy!
I dag var det atter ein workshop på skulen, fashionportrett i studio. Dagens mote var søppelsekkar og andre plastikkposar. Eg skulle ta undertøy-bilete med plastikk som eit element. Først prøvde eg meg på ein topp/korsett; ein pose med avklipt bottn og utvida topp, og eit lite søtt belte. Sjølvsagt måtte det gå galt, eine lampen gjekk ikkje av, noko eg ikkje la merke til før etter at eg var ferdig. Såg gjennom bileta og bestemte meg for å ta dei på nytt.
Eg hadde det ganske gøy med å klippe plastposar og sy lappane saman til ein bikinitopp. Heilt enkelt og provisorisk. Hårlys og "fillight" for å få litt beach-følelse. Håpte på litt strølys, men måtte nøye meg med å legge det på i "shoppern".
Første forsøk:
Andre forsøk:


(Legg merke til hårpynten)
Det var dagens
For dei som ventar på familieportretta... sorry, berre fortsett å mas til eg får surra meg til å legge dei ut/sende dei.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar