Dagen starta ikkje så bra, med høljeregn og mørkegrå skyer såg det ikkje lyst ut. Men på veg oppover dalen vart regnet til sludd og sludden til snø. Og heilt på toppen var det tett snøkave. Herleg! Litt problematisk ang utstyr og eit kaldt fototeam. Reflektoren gav meg ikkje heilt den effekta eg ville ha, så eg varierte mellom ein og to blitsar og reflektor til å softe lyset.



Og så for vi til vatnevatnet og til det gamle huset med dei kule veggane. Tippar det var eit nydeleg hus den gongen det var bebueleg.

Takk til Tonje, eg viste du hadde det i deg. Og takk til Kristina som måtte nøye seg med å vere assistent denne gangen (Såg at ho poserte litt sjøv).
No er det snart heim til Trondheim!

2 kommentarer:
Nydlige bilde. Dei var veldig fine :)
Va ikkje i spøkelseshuset vell? Ditta so e over veien attme vatnevatne..?
Legg inn en kommentar