torsdag 1. januar 2009

Snøprinsesse

Endeleg har eg fått teke vinterbileta mine. Eg prøvde i jula i fjor også, men valde heilt feil dag på å ta dei. Ikkje planla eg godt nok heller, og kleda til modellen vart feil i forhold til planen. Men, denne jula fekk eg det til. Eg brukte modellen (Tonje) som eg eigentleg skulle ta bilete av i sumar, og pakka på henne mi nye sminke, styla håret og fekk låne pelsvest og pelssko av assistenten min Kristina.

Dagen starta ikkje så bra, med høljeregn og mørkegrå skyer såg det ikkje lyst ut. Men på veg oppover dalen vart regnet til sludd og sludden til snø. Og heilt på toppen var det tett snøkave. Herleg! Litt problematisk ang utstyr og eit kaldt fototeam. Reflektoren gav meg ikkje heilt den effekta eg ville ha, så eg varierte mellom ein og to blitsar og reflektor til å softe lyset.














Og så for vi til vatnevatnet og til det gamle huset med dei kule veggane. Tippar det var eit nydeleg hus den gongen det var bebueleg.



Takk til Tonje, eg viste du hadde det i deg. Og takk til Kristina som måtte nøye seg med å vere assistent denne gangen (Såg at ho poserte litt sjøv).

No er det snart heim til Trondheim!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Nydlige bilde. Dei var veldig fine :)

Åse-Lill og Runar sa...

Va ikkje i spøkelseshuset vell? Ditta so e over veien attme vatnevatne..?