fredag 20. mars 2009

Forbereiingar til akt

Då er eg i full gang med forbereiingane til aktprosjektet. Det skal faktisk lagast bok! Eg har vore så fantastisk heldig å finne meg heile 6 aktmodellar, som blei redusert til 5 på grunn av mine forvirringar, men eg har fortsatt heile 5 modellar, då treng eg berre 3 til. HÆRLI!

Eg har begynt med å finne ut korleis eg skal fikse lyset, det er ikkje alltid like enkelt å bruke seg sjølv som forsøkskanin. Blir ein del springing og snubling, spesielt sidan eg tek bilda i mørket.



At blitsen viser i biletet gjer ikkje noko. Det skal vere tydeleg blitslys og tydelege fargar. Lurer på om eg er påverka av fargekurset?? I vertfall er det kjempegøy å få fargane akkurat slik ein hadde tenkt seg.



Og så er det interessangt å finne ut kva ein skal bruke som filter for lyset. Eg har testa ut plastposar, tøy, t-skjorter og søppelbøtta mi. Plastposane var "bad idea", lukta svidd og smelta, måtte ha litt avstand frå blitsen for å ikkje øydelegge alt. T-skjortene lukta litt svidd dei også, men ikkje like gale, og dei smelta ikkje. Det mest geniale var sjølvsagt Ikea-søppelbøtta mi, fantastisk farge som blei spreidt langt, og ein morsomt ting å ha i biletet. Måtte ein del redigering til for å få det slik, men så har eg ikkje hatt internett på fleire dagar, hadde ikkje anna å gjere.



Ein annan morsom effekt var å legge slaveblitsen under kjøkkenbenken; belyst golv. Hurra! Gløymte sjølvsagt å ta vekk skitne filler og skrot, men det var berre testbilete uansett.

Og så tok eg bileta av den første modellen, meg, i dysjen. Tam tam tam! Eg er superfornøgd med resultatet. Eg vaska faktisk dysjen først (delvis) slik at det var enkelt å sjå gjennom glaset. Det er ikkje så enkelt å feste ein blits oppå ein dusj, holde den andre utanfor vatnet, sette på kamera, springe i mørket inn i dysjen, late att dørene og slå på krana, vente på at kamera går av og så fyre av blitsane i rette augneblink.



Det er då naturleg at ein etter like lang tid som ein brukar på "ekstarne" modellar har teke vesentleg færre bilete, og difor er der kansje færre som kan brukast, men eg fekk 4 eg kan bruke, og berre ein av dei skal i trykk.

No gler eg meg til eg skal begynne med dei "ekte" modellane mine. Spanandes. Burde også finne meg nokre pocketwizards, fort. Og viss du bur i Trondheimsområdet og vil ha aktbilete av deg sjølv, i denne stilen, så er det berre å ta kontakt! Treng fortsatt tre til, helst mannfolk, men eg er glad for alt. Store og små, I wants it!

2 kommentarer:

Anonym sa...

jaha, vi gled oss til fortsettelsen. Spennande!

MSN-MX sa...

WOW! excelente fotografia.