Tre veker med storformat har nok lært meg masse sjølv om eg ikkje kan seie akkurat kva eg har lært. Men, eg vil påstå at eg har lært ein del. Eg har vertfall perfeksjonert å "sjå" i mørket medan eg "laddar" kassettane, siste gongen var det som om lyset var på, eg visste akkurat kvar ting var og kva eg skulle gjere. Det kan ha noko med at eg har ladda unaturleg mange kassettar og putta dei i framkallingstankane. Eg har også framkalla masse, ganske mykje ja. Både for meg sjølv og for andre. Uheldig for enkelte som ikkje lærte like fort som meg, men eg fekk øving i vertfall ;) Også lært å vere tidleg på skulen for å sjekke lister, kamera, organisere tur og tider. No synest eg faktisk at det er latterleg seint å stå opp i ti-tida :S
Jobba saman med Kent på Gløshaugen dei to første gongane, mobba stakkarslege amatørfotografar som jobba med både blits og stativ i eit godt opplyst rom, hah! Der stod vi med store monsterstativ og like store kamera og svære koffertar og så ser vi han med eit fillestativ med lite kamera rundt halsen (stativ montert på) og blits. Hadde han spurt kunne vi fortalt at blitsen trengde han ikkje, og ville i verste fall gjere bileta mykje verre, og kvifor bruke stativ i det heile?? Sukk!
Tredje gongen på Gløs drog eg med Øystein. Då hadde eg faktisk med kompaktkamera:

Det er gøy og følast kjempe-profft å stå slik med jakke/dekken over hovudet og sikte seg inn på motivet. Magisk!

farlight!

Her har det vore fotofagskuleelevar før oss!
Mine bidrag:





Og, i morgon dreg vi på NORDIC LIGHT!!! JAAA! WEEE!
Møte heltane våra, gamle kjende og ha det gøy. For meg blir det mest sannsynleg camping i "bilen til Håkon" (foreldra sin bil). Litt lite pengar for tida. Har handla inn papptallerkenar og plastbeger. Blir masse eingongsgrillar og pølser og slikt. Cæmping for livet!
Snakkast

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar