Jaja, då er det avklart, eg skal flytte for fjerde gong sidan eg avslutta VGS. Eg skal heldigvis ikkje flytte til ein annan by denne gongen, men berre ned til sentrum. Har allereie vore på mi aller første visning. Utruleg flott rom, men vi var mange om beinet, sjølv om der var fleire bein. Sitt for tida konstant på nettet og sjekkar nye annonsar, litt treigt i dag, men no ligg annonsa for hybelen min ute, så rart!
Bilete om du er interessert:
Kjøkken øverst og så den aktuelle hybelen nederst.
Sofakroken og sovealkove :) Slepp at eventuelle gjestar må sitte på senga og liknande.
Badet er nydeleg og praktisk. vaskemaskin og tørkemaskin og masse plass til klestørk. Godt og varmt. (er to bilete om du lurte)
Og så koseleg kan studietida bli :Dja, då fortsett eg mi eiga jakt
1 kommentar:
Før ej såg bilde stort såg det ut som du hadde kjøleskap på badet. Noke som hadde vore litt ekkelt :p
Legg inn en kommentar