onsdag 16. april 2008

HiBiscus


Er ikkje det ein fin dag?


Det er vår og sola er oppe i maaange timar allereie. OOOOG... HiBiscus har komt ut, med MI framside! Vel... 90% mi. berre for å ha det på ret reine. Om nokon skulle komme til å sjå litt nærare på biletet så må eg seie at der vart gjort etterbehandling som eg ikkje viste om, og som eg vil seie eg kunne ha klart beire. Eg er litt skuffa, har brukt mykje tid og anstrengelse for å få det til, og faktisk heile 7 kroner. Eg veit... eg ga dei lov til å fikse, men eg SA at eg kunne gjere det sjølv, og eg bad faktisk om det. Er eg jææævlig pirkete no??


Men i alle fall så vart gleda mi enda større då eg såg siste sida, med eit av mine andre forslag! OOOHOOOO. Men... fargane var litt rare. Skjermen min må verkeleg kalibrerast! Men eg var så sikker på at eg hadde farga bakgrunnen i kunn svart/kvit. Eller... hm... Jau, eg sjekka det og bakgrunnen var grå. BastaBomm!



Og slik ser dei ut ute blandt folk. Dumme universitetsavisa heng over, men dei ville ikkje vekk.



Vel, no er eg litt gla. Hipp Hurra! Og får besøk av mamma, YESS!

Har ikkje lagt ut kvalitetsbilete på ei stund :( Sorry

Hm.. okay, eg verkar veldig negativ no, men eg er perfeksjonist. Men eigentleg er eg heilt i himmelen over to "heilsider"! Då eg såg avisa var eg faktisk på forelesning og det var pause og medan eg stod og gjorde noko såg eg eit eksemplar framfor meg. Og som den jenta eg er så hylte eg.. litt svak hyling, ikkje sann skrekkfilmhyling. Og eg sprang opp i aulaen og raska til meg ein eigen kopi! Viste den fram for alle som kunne verke interessert med det største gliset eg har hatt på lenge. :D

1 kommentar:

Anonym sa...

wow. kroppen min e kjendis!