Eg har vore opptatt med mange ting sjønnar dokke. Eg har hatt besøk av min sære halvdel, prøvd ut urgamle kamera og mykje meir.
Ja, Rokas kom på besøk i helga. Utsleten og trøytt etter lang tid med hardt arbeid og studiar lot eg han få slappe av og leike turist her i Trondheim. Eg lærte han korleis trikken fungerte og gjorde han avhengig av "Heroes" (MoahahahaHA). Han gjekk også på kino i Noreg for første gong, heime med han kostar det vistnok 25-30 kr å gå på kino, då er det ikkje rart. Vi såg sjølvsagt Batman (RIP Heath Ledger - aussie nr. 1).

Eit rart og falskt bilete av oss to på trikken

Rokas ser seg sjølv i djupet og undrar over livet (som alltid)
På laurdag og søndag var det tattoveringskonferanseting i byen, eg tok med meg kamera (og ein motvillig Rokas) og tok bilete av alt det spanande eg fekk sjå. Men det var så mykje folk at eg ikkje såg stort uansett. Men det var ei dame som hadde nokre fantastiske teikningar. Søte og skumle samtidig utan å vere teite, dei var vakre. Og eg fekk SÅÅÅ lyst på ei. Men.. nei, må vente til eg finn den perfekte teikninga.
Fyr som låg der omtrent heile dagen.
Eg berre ELSKAR å sjå tatovørane i arbeid!
Så... i går blei eg og Jeanett med Sindre på photoshoot som assistentar, men vi hadde begge med eigne kamera. Eg hadde med meg både speilrefleksen og mellomformatkamera Mamiya. Mamiya er svært og tungt og tek store filmrullar. Bileta blir 6 x 7 cm, men ein får berre 8-9 bilete på ein filmrull, så ein må passe på. Ikkje automatisk fokusering og ikkje automatiske innstillingar, ein må passe på alt! Eg måtte tenke på blender, lukker, kor langt det er i frå objektiv til bakplata og kor lyst det er. Men eg fekk bra bilete til slutt.

Jeanett som tek bilete av Marianne medan Sindre ser etter ny location

Jeanett og Marianne

Mitt bilete av Marianne
Sindre sine bilete av ho vart sjølvsagt mykje betre, men det var fordi han hadde to faaaantastiske assistentar til å halde blitsane. (og som har meir peiling på mote enn han)
I dag har eg vore på skulen heile dagen med filmrullane mine. Eg har framkalt to filmar heilt sjølv. Er ikkje første gangen så alt gjekk heilt greitt. Fann ut at eg omtrent hadde kokt første rullen, men resultatet vart ikkje øydelagt. Eg har framkalla, stoppa, fiksert, blanda, venta og tørka.
Framkallingsrommet og filmrullen min i vask.

Dei herlege negativane mine (her er dei invertert for DI skuld ;p)

Bittesmå bilete av Sindre og Marianne
I morgon er det på'n igjen. Då skal eg kopiere/forstørre siste filmen og velje eit bilete til innlevering. Det er noko av det gøyaste ein kan gjere, men mørkerommet er trangt og overfyllt.

2 kommentarer:
Lika nyebrillene dine, men tattovering... njet.
Ellers kjempekjekt å sjå og lese bloggen din, som alltid.
åå, kor fine brille du he fått! Kunne tenkt nåken lignande sjøl! morsomt innlegg med masse info. Sånt lika vi :)
Legg inn en kommentar